Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 9. mars 2018

Lom - Lisboa. Bibliotekturisme tre dagar til ende

Utpå vetteren stundom ho tenkte, gjev eg var i eit varmare land. Og handlekraftig som ho var, let ho det ikkje bli med tanken. Førre veke pakka ho kofferten og tok fyrste fly til Portugalien. Ho skal sjølvsagt ikkje utsetja bibliotekdagboklesarane som sat heime i minus mange og tjue og sprengfyra, for utlegningar om solfylte dagar med kaffi og lynraske kolhydratar på små pastelarias. Det var forresten ein god del regn, men godt i ækten, da gut.

Lisbuar
Ho skal heller ikkje utsetja lesarane for historier av privat karakter om den fantastiske oppfinninga google maps. Google maps er genialt for dei av oss som slit med å finne fram i livet! Når du kjem ut frå metroen på Baixa-Chiado, eller var det Rossio, og har elevadoren rett framfor deg, får plotta inn hotellet og orientert google mapsen, da kan kven som helst klare å finne fram! Det er berre å gå etter den raude prikken. Det kan rett nok vise seg å vera tusen trappetrinn opp til den raude prikken. Byen er bratt og kofferten tung, men greit nok. Google maps seier at du rykkar stadig nærmare målet. Berre eit par tusen trappetrinn til. Oppover berst det. Striregnar gjer det. Nada de paraply. Men kva skal ein eigentleg med paraply når ein har koffert, sekk og veske og berre to hender? Men herlegdom, snart framme ved prikken!

Nå skal det heller ikkje leggjast ut om at da den raude prikken var nådd, synte det seg at dei titusentrappetrinnamedtungkoffertistriregn var forgjeves. Når de brukar google maps born, er det veldig viktig at de følgjer rett raud prikk! Plutseleg kan eit castel høgt til fjells vise seg som ein raud prikk i google mapsen din. Ver obs!

Det skal heller ikkje leggast ut om at dei fleste ulykker ikkje skjer i heimen, men i rulletrappa på flyplassen på veg heim. Mitt råd til deg er at du ikkje stiller deg opp like bak eldre damer med dårleg balanse og uhorveleg mange koffertar. Før du veit ordet av det, ramlar dei bakover og du ligg der opp ned i ein haug av gamle damer, koffertar, bagar og sekkar mens trappa nærmar seg toppen. Heldigvis kom både du og damene frå det i relativt god behald, men ver obs!

Nei da, det eg skal dele med dykk er bibliotekturismen eg bedreiv. Det var eit herleg bibliotekvêr i Lisboa opptil fleire dagar. Alt vêr er jo som kjend herleg bibliotekvêr. Eg besøkte eit folkebibliotek i bydelen Belém, eit museumsbibliotek på kunstmuséet Calouste Gulbenkan og sjølvaste Biblioteca Nacional de Portugal. Her følgjer nokre av høgdepunkta frå bibliotekturismen i Lisabon. Voilà!

Bibliotekturisme dag 1: Biblioteca Municipal de Belém





Bibliotekturisme dag 2: Museu Calouste Gulbenkian




Bibliotekturisme dag 3: Biblioteca Nacional de Portugal




Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar