Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 23. mars 2018

Ein ny formildar blømer!

For nokre år sidan begynte ei blyg ung jente å bruke biblioteket vårt hyppig. Ho kom til bygda frå "an stan", men vi skjønte fort at denne jenta var godt kjent i den litterære verda, og at biblioteket var ein naudsynt del av livet hennar. Lange stunder kunne ho sitje og lese for sonen sin i barneavdelinga, og guten fekk støtt bruke den tida han ønskte blant bøkene våre. Det var aldri mas om å dra vidare for å vinnast eitt og hitt. For ei mor, tenkte vi, for ein heldig gut! Lite visste vi då at vi om nokre år skulle få nettopp henne på laget, ause av kunnskapane hennar og nyte godt av hennar vesen i møte med lånarane.

Tonje er eit funn av dei sjeldne, men som ikkje har vore heilt klar over det sjølv. Mellom hyllene våre, omkransa av bøker ho kjenner og menneske ho aldri før har snakka med, presterer ho nye bragder om att og om att. Lettvint og likefram kjem ho med gode boktips til lomverar i alle aldrar, og byr si hjelp til slitne bibliotekarar før dei sjølve ser at dei treng det:

"Ska æ kom litt tiliar å hjælp dåkker med stolan?"
"Kanskje æ ska kom å kok kaffen for dåkker i morra kveld?"

Heilt vanlege spørsmål frå ei spesielt omtenksam jente, slike det dessverre blir færre og færre av.

Tonje blømer
I går kom Tonje nervøs og uroleg på jobb, då vi hadde utfordra henne til sin første bokprat. 3. klasse er i innspurten av det årlege leseprosjektet sitt, der dei får bokprat frå oss kva veke over ein intensiv periode, og vi tenkte det var ei lugum gruppe å debutere for. Tonje sat som ei dronning i formidlingsstolen, med ei sindig ro svøypt som eit sjal om akslane, medan elevane sat oppslukte med store augo og levde seg inn i universet til Gregor i Underlandet. Nervøsiteten drukna i den gode lesestunda, og ein ny formidlar sprang denne torsdagen ut i full bløming.

I helga sprett påskekjuklingane fram, og vi feirar påske med eit gildt "Påsåsalg". Fyll ein påså for ein femtilapp, og du fornyar bokhylla på rimelegaste vis, på same tid som du sparar miljøet! Vi held vanleg kveldsope måndag, og slår til med utlån heilt fram til kl 14 onsdag. God påske frå oss til dykk alle!



Bloggar: Merete







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar