Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 19. januar 2018

Teikneseriemannen

For noko som kjennest ut som eitt hundre år sidan, var eg på bokprat med klassa mi. Vi skulle få høyre om nye bøker for barn og ungdom, og ein heil presentasjon om berre teinkneseriar! Framfor eit lite bord fullasta med grafiske noveller og teikneseriar, stod ein eg aldri hadde sett før. Han presenterte seg og sette i gang  med å fortellja om dei bøkene han hadde funne med seg. Vi sat der i eit millennium og eitt minutt på same tid, så spanande og fengslande var det denne rare mannen viste oss. Læraren sa at det ikkje var att så mykje tid, men fekk eit bedande blikk frå Teikneseriemannen om at han måtte få lov til å prate om ei lita bok til. Han fekk klarsignal, og plukka opp ei av bøkene som låg heilt bakerst på bordet. "Endless Nights". Eg hugsar ikkje kva som vart sagt om boka, men eg hugsar at eg spurde Rita om eg kunne låne ho. I friminuttet den dagen las eg ut heile boka. Eg forstod ikkje så mykje, så god i engelsk var eg ikkje enda, men eg var besett. Eg måtte lesa meir.


Eg hadde med meg boka attende til biblioteket nokre dagar seinare, og leverte ho att, og spurde om det var fleire bøker som denne, og vart geleida bort mot teikneseriane. Eg fekk hjelp med å plukke ned, Merete var høgare enn meg den gongen. Boka eg lånte meg var den første i "The Sandman", serien av Neil Gaiman, og den serien, og den forfattaren, gav meg leselyst på ordentleg. Eg lærte meg betre engelsk for å kunne forstå dei betre, og endte opp med å lesa mange tjukkare og tyngre bøker på engelsk, men det var fortsatt Sandman som var favoritten, det kunne ingen andre bøker endre på (Ikkje sei noko til Tolkien, men han kjem på ein god andreplass, etter Neil). 

Denne rare mannen gjorde så eg las til saman mange tusen sider, og eg fekk smaken på myrk fantasy. Han fekk meg også  indirekte til å bli betre i engelsk.

Denne mannen var Are.

Ein dag for nokre år sidan, såg eg han sitte bak skranken på biblioteket, og eg kom på denne bokpraten vi hadde for lenge sidan. Da var han vikar, seinare fekk han ei stilling som bibliotekar. Eg trur aldri eg har fortalt han om kor mykje engasjementet og kunnskapen hans betydde for meg, før eg fortalde det for nokre dagar sidan. Are hjalp meg med å finne min egen boksmak, lenge før eg sjølv visste at eg hadde ein. 

Eg utdannar meg til å bli bibliotekar sjølv, og eg håpar at om nokre år, at nokon vil ha same tankane om meg. Eg vil bli ein bibliotekar som eg sjølv ville likt å møte. 

Tusen takk, BibliotekAre, for at du opna ei ny verd med litteratur for meg, Eg håpar eg klarar å bli like flink som deg. 

Live Eriksen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar