Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 24. november 2017

Bilar og bord

Matronesjef Merete har lenge vore på jakt etter eit passande stugubord til retro-sofaen. Eg har i haust vorte sambuar, og sambuaren hadde heilt andre planar for stugu vår enn mitt herlege 70-tals stugubord med tilhøyrande avishylle under. Så da var det berre å laste opp pickup'en og køyre herlegheita til biblioteket for trygg oppbevaring og bruk.

Pickup'en med vakker bakgrunn.
Dei vise kvinnene tykte stugubordet passa særs godt og personalmøtet vart flytta frå bakrommet til sofakroken. Det vart ei tyle kaffistund, og oss fekk snakka og planlagt og alt var berre triveleg.  


Men med eitt var det slutt på kosen, Merete var på det meste klar for å ta bloggen, men på eitt eller anna vis enda det opp med loddtrekning om blogginga. Matrona skreiv A, R og M på tre lappar, og arme underteikna trakk seg sjølv. 

Trekning. Ikkje arrangert bilete.
Eg finn det fortsatt litt utfordrande dette med blogging. Dei vise kvinnene hamrar laus på tastaturet, byr på seg sjølve og får blogginga til å verke som ein leik. Eg er av typen som helst må grue meg litt på førehand, og få tid til å planlegge tema.

Vi har utfordringar med internett på personal-pc'ar i dag, så eg sit på ein av publikumsmaskinane og vrir hugu med blogginga. Fordelen med å sitta ute i offentligheita synte seg kjapt då två av mine favoritt-ungdommar kom forbi og lurde på kva eg dreiv med. Eg fortalde om ulykka med loddtrekninga og surva i veg med parallellar til lekseprøver og liknande ulumskheiter.

Bonus til gutane.
Gutane kom med sympati og gode råd, det var berre å skrive om kva eg hadde gjort i dag, og var eg smart så tok eg med bilde av ein lastebil eller pickup slik at målgruppa for bloggen og kunne bli dei.

Takksam for gode råd bloggar
BibliotekAre

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar