Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 20. oktober 2017

Litterært kaffislabberas

(slabberas: festleg samvær der ein drikk særleg kaffi eller te og pratar, av slafse, truleg med innverknad frå lepje)

Etter skriveveke og vel så det i hovudstaden, er det atter slike fjell og dalar og tid for litterært klaffislabberas. Sist vi hadde litterært kaffislabberas, hadde vi herrane Jens M. Johansson og Are Kalvø å slå i bordet med. I dag har tre små bibliotekarar berre seg sjølve og Litteraturen å bjuda på. Etter høgtlesinga under dagens morgonkaffi, har vi likevel tru på at Litteraturen han stend sjølv um bibliotekarane stupa. Og som kjend; ein lever ikkje av ånd aleine, og vi må for all del ikkje gløyme kaffimaten!
Kokosmatroner
I dag tideg kom nemleg bestemorbibliotekaren, ho som ordnar ALT her for tida (pga den sjefen som fekk MASTERSJUKEN og alle VEDERSTYGGELEGHEITER det har ført med seg), hesebesande inn døra med famnen full av ferskaste heimebakst. Ho let berre døra stå oppe, måtte ut i bilen etter ein famn til, og brått var biblioteket fylt av dei ljuvaste angar: Snart dufta det av kanel og kokos og makroner i kvar ei krå. Ho hadde båkå.

Verdas beste klovn, Knut
I går kveld, etter at ho hadde hatt ansvar for kveldsarrangement med verdas beste klovn Knut til stormande hus og full jubel, hadde ho båkå. Det var det andre arrangementet ho hadde ansvaret for denne veka forresten, og det var etter det at ho reiste heim og slengde i hop ei æppelkakuåkåst. Ho tok sjølvsagt den aller lengste langpanna slik at ho som låg i den vederstyggelege MASTERSJUKEN skulle sleppe unna bakst også. I dag tidleg stod ho like så godt grytidleg opp og slengde i hop ei ny røre. Kokosmakroner denne gong, eller var det havre, same kan det vera, snøygt var det! Slik troppa ho opp med boksar bugnande av søteplekaku og ferske makroner attpå alt.

BibliotekAre har reggae seg opp.
Ho som lir av MASTERSJUKEN, listar seg berre stille rundt i dørene i slike høve, bidreg med kaffitrakting, set på plass ei bok eller to, held kaffikoppen hennar halvfull, slike små ting ho framleis meistrar. Men bak ryggen hennar kunne ho og kompanjong bibliotekAre likevel ikkje dy seg. I ein augeblink der alt det dårlege samvitet glapp, døypte dei kokosmakronene hennar om til kokosmatroner. Det turde dei naturlegvis ikkje seia høgt. Berre ei ørlita, nesten uhøyrleg humring under morgonkaffien. Men sanneleg, sanneleg det seier eg dykk. Ein gong får ho løn og matroneplass i bibliotekarhimmelen! I mellomtida blir underteikna å finne i Vesaas-land. Vil døkk me någå, så træffest åss der. Kom liljor.

Og den åndelege føda:
Bestemorbibliotekaren: Verda er ein skandale. Ei lita bok om livet på landet av Agnes Ravatn. BibliotekAre: Kvindelig hygiene av Dr. Med. Kr. Brandt
Underteikna: For øvrig mener jeg at Karthago bør ødelegges av Kyrre Andreassen

Vel møtt!

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar