Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 15. september 2017

Buktaling og tilårskomne bibliotekarar

Festavslutning med Mogeno i Steinfjoset 
Hausten rasar av stad med oss! To nye pc`ar har vi fått denne veka, med alt det inneber av startvanskar og nye skjermbilete som skal tydast av tilårskomne bibliotekarar. Visegut Are har på nytt synt seg som den mest oppegåande av oss, då brukaren til den assisterande sjefen automatisk hektar alt av system og set kunnskapen til IT-mennene på prøve. Knyter av meg skautet for dei karane, altså -kva skulle vi gjort utan slike oppdaterte folk i nauda?

Dei vise har med åra forvilla seg ut på kronglete vegar i ymse sosiale media, men har i dag oppretta ei ny side på facebook, der vi vil samle all nyttig og viktig informasjon frå oss. Kanskje litt som ikkje er så viktig også. Den gamle gruppa Lom folkebibliotek og "personen" Lom folkebibliotek som i dag er å finne på facebook, vil bli lagt ned i løpet av neste veke, medan de heretter vil finne alt frå oss på sida Lom folkebibliotek (@lomfolkebibliotek). Dette veit naturlegvis ikkje øvstesjef Rita noko om, då ho har vore oppteken med urbane studiar heile veka. Vi tek kampen når ho kjem attende. Slik likar vi!

Fredagen vart i efta avslutta med eit heidundrandes show med buktalar og magikar Erik Mogeno, som heldt festframsyning på avslutninga av årets Sommarles. I Lom hadde vi rekordstor deltaking, med heile 47% oppslutning om Sommarles, og vi ligg dermed på topp i Oppland denne sesongen. Borna har lese heile 1286 bøker, delvis takka vera ivrige og engasjerte foreldre som motiverer borna til leseglede. Vi er stolte over dykk alle! Den store oppslutninga gjorde at vi måtte flytte feiringa over i Steinfjoset, då plassen vart for liten i biblioteket. Luksusproblem! Både små og store hylskratta og lot seg imponere over trylllekunstene til den festlege entertainaren, som i morgon kveld også skal ha vaksenshow på Otta kulturhus. Møt gjerne opp der og få deg ein god latter!

Snøggbloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar