Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 18. august 2017

Tankar kring ein skulestart

Dette belet for 40 år sidan. 

Vi hadde fått bad med innedo og badekar, og den før så tenlege sinkbalja var flytta ned i stabburet. Mor hadde sydd nye, like bukser til dei to eldstejentene, og den mellomste hadde fått sin fysste ryggsekk. Båe to hadde fått nye sokkar med gummifot til bruk i gymsalen. Bygda fekk barnehage dette året, men minstejenta fekk vera heime med mor enno ei stund lell.

Skulen var skrekkeleg stor, dei fleste av borna var framande andlet, og mellomjenta hadde enorm repekt for lærarane som ønskte velkomen. Likeeins for dei vaksne sjetteklassingane. Alle vart nøye målt etter målbandet på veggen. Mellomjenta fekk pulten med raude klossar rundt stettane. Den lågaste. Det var ikkje langt opp til han med dei grøne, men det skulle ta fleire år. 
I sekken hadde alle penal og blekkmatboks med kakuskiver og transkei. I fin kø stilte alle seg opp i påvente av den feite, halvharske, men akk, så sunne skvetten på skeibladet. 

I eine rommet på enden av skulen var det eit heilt stilt rom med grønt vegg-til-vegg teppe i filt på golvet; boksamlinga. Både skulebibliotek og folkeboksamling, tett i tett med hyller fullpakka av bøker med grøne, blå og raude omslag. Lufta var også tett, men det var ei eventyrverd å gå inn i lell. 
Nye andlet vart etter kvart kjende, og vennskap vart knytt. Vi møtte dei att på hobbykveldar og skirenn på skulen, og einskilde budde så nær at vi kunne møtast utanom også. I denne verda skulle vi bli vaksne. 
                                                      -    -    -    -    -    -    -    -    -

Det kjennest mest som eg er utgammal når desse minna dukkar fram. I dag opplever borna kjøpepress frå alle kantar, det er utstyrshysteri og digitale dingsar i fleng, og skjermane lyser framfor nasen oftare enn vi har augekontakt med andre menneske. I denne verda skal våre born bli vaksne. Eg er glad eg fekk vere barn på 70-talet.

Med ønskje om ein trygg og god skulestart til alle små og store, både de som tek til på skulen og de som freistar hybelliv som studentar eller store elevar. Måtte det gå bra med dykk alle!

Nostalgisk bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar