Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 30. juni 2017

Kva eg snakkar om når eg snakkar om diskgolf

Atter kryr det av ørsmå asiatar som  tyt ut av turistbussane framfor stavkyrkja. Det bålå og tålå på framande tungemål kvar du snur deg på Bergom. Den herlege lukta av kanelsnurr frå Bakeriet lokkar folk som nyrørt bring lokkar kveks. Fager kveldssol smiler over bokheimen ned, BibliotekAre ferierer på harde livet, og to vise kvinner flyg rundt i flagrande flysser. Det er såmår i Lom.

Og med såmår fylgjer såmåravslutningane, ikkje så reint få heller opp gjennom åra, men etter som bibliotekarungane har vakse til, har det roa seg betrakteleg på den fronten. Men det er klart vi må ha vår eiga avslutning! Førre torsdag stunda den heile bøling på at klokka skulle tikke seg til fire slik at vi kunne stengje dørene og tusle over brua for å teste den nye serveringsstaden, Brimibue. Og det stod ikkje på gode smakar. Møyraste kalvebog med byggotto og grilla nykål. Bibliotekarane smatta og fryda seg og og åt opp både rubbel og brød mens dei belågå seg på større utfordringar.

BibliotekAre er nemleg primus motor i diskgolf-miljøet i bygda og er leiar i sjølvaste Flåklypa sendeplatelag som har fått i stand Medalen diskgolfbane. Det er lenge sidan han byrja mase på viskvinnene om at vi måtte bli med og teste det nye anlegget. Anlegget er ikkje heilt nytt lenger, for alltid har det kome noko atti vegen for viskvinnene når anlegget skulle testast. Men denne dagen var det inga bøn. Dei måtte til pers og syne sine kvalifikasjonar innan kast og presisjon.

Den eine av viskvinnene hadde relativt høge tankar om kvalifikasjonane på dette feltet. Lang røynsle som indianar med pil og boge i kamp mot krutlappistolar og ein god porsjon pasjon for å slå ball, kunne koma godt med. Kjerringkast hadde alltid vore under hennar verdigheit, og når sant skal seiast, hadde ho gode utsikter om å gruse den andre viskvinna på dette feltet. Det var difor med stor sjølvtillit og iver ho treiv disken, lette att augo, tok i alt ho makta og såg for seg at han gjekk i fin og lang boge og landa like ved korga.

Da ho opna augo, var det imidlertid eit heilt anna syn som møtte ho. Disken hadde gått rett åt skogen. I stikk motsett retning av tiltenkt, knapt ti meter frå utkastpunktet. Der stod ho innhylla i hånleg viskvinneskratt og BibliotekAre sitt oppmuntrande snikk og snakk. Kva i alle dagar var det som hadde skjedd? I ettertid kan ein skulde på kroppsleg forfall og vilje større enn evne, men vi vel å ikkje tenkje meir på det, for etter nokre fleire håplauskast, gjekk det seg til. Ho slutta å tenkje. Berre treiv disken og slutta å tenkje.


(I ein parentes på banen konkluderte ho som følgjer:
1) For stor sjølvtillit er ikkje bra! Heile livet hadde ho fått tuta øyrene fulle av dette. Du har for dårleg sjølvtillit! Du må tru på deg sjølv, jente! Mens sjølvtilliten sokk enda eit hakk. Heller ikkje sjølvtillit meistra ho. I seinare tid har ho fått sjølvtillit nok til å tru at ein liten knekk i sjølvtilliten kan vera bra, betre enn hybris. Det gjeld å finne den perfekte balansen, så om du strevar med sjølvtilliten, ikkje føl deg liten. Kan hende kan det vera litt bra òg.
2) Ikkje tenk! Berre gjer!)

Det gjekk etterkvart slik nokonlunde med oss alle tre. BibliotekAre med si lange erfaring med diskgolf, var sjølvsagt i ei klasse for seg. Viskvinnene slutta å rekne kast og var smånøgde med at plata flaut fint i lufta eller med å få til eit skikkeleg øksekast frå midt inni ei vierkjørr. Etter økta var vi alle einige om at det hadde vore ei fin og tankevekkjande avslutning, iallfall for nokre av oss.

Rita


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar