Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 27. desember 2019

Verda treng fleire som deg


Munnen hans forma så store ord. Så inderlege, så tilsynelatande utan band. Med rause kompliment saug han folk åt seg, inkluderte alle, og løfta alle andre enn seg sjølv fram i ljoset. 
Ein romantisk gentleman, ein fargerik virvelvind som bles rundt som ei einsleg sjel midt i ein stor omgangskrins. Stormen stilna berre av så alt for brått, flokken står tomhendt att og må finne varmen i i minna om han som turde framstå som litt annleis. Han som kanskje var den største kunstnarsjela av dei alle.

Takk for bøkene, kunsten, romantikken og og det ærlege motet, Ari. Verda treng fleire som deg.

Merete


fredag 20. desember 2019

Det skal så lite til!


Det skal så lite til! I går kom eit par jenter frå ungdomsskulen innom oss på veg etter endt dag. Dei hadde truleg hatt juleverkstad, og hadde laga eit nydeleg hjarta med kongler, bar og ei lysande raud julesløyfe knytt samlande rundt dei mjuke kvistane. Og tenkje seg til; dei ville gje bort hjarta sitt til oss! Vi set slik pris på denne uventa gåva! Mange takk til dykk to som ein av dei myrkaste dagane i året gjorde dagen vår eit hakk ljosare.

Vi har i lang tid rekna ned til solsnu, og no skjer det snart! Bleike strimer krek smått om senn nedover høge toppar og slake lier att, og lomverane kan på ny peike nasen mot kvelven og kjenne varmen risle over andletet. Planar for det nye året blir snart snekra saman, og året som gjekk er snart berre minne. Men først skal vi ønskje høgtid og fred velkomne, og bruke litt ekstra tid på dei rundt oss, på naturen og på livet. For livet er så mykje meir enn berre arbeid, sjølv om jobben for oss ligg hjarta ekstra nær.

Vi ønskjer alle lånarar, lesarar, forfattarar og brukarar av alle slag ei retteleg fin jul! Hugs at dei
mange som slit med einsemd og vonde tankar i jula fortener å bli sett, å bli besøkt, å bli rekna med. Vi har jo berre kvarandre. Det skal så lite til.


Bloggar Merete

fredag 13. desember 2019

Ikkje sankta, Lucia? Joa Are.


I dag, på sjølvaste Lucia-dagen, har vi gjennomført årets siste arrangement i denne bokheimen, det 14 i rekkja i 2019. I dag har vi hatt den store gleda å få besøk frå synna tunnelen. Mette Vårdal frå Vågå har kome med bok om jul og juletradisjonar. Denne veka er den dyktige og driftoge dama på turné i biblioteka med den vesle boka si om jul.

Vi tykte også det var på sin plass å markere Lucia med lussekattar, graut og glitter. Særleg BibliotekAre ivra for dette. Ja, det var mest uråd å få av han glitteret att. 



Årets siste arrangement, siste bokprat og siste formidlande omstende er over. Nå har vi rydda opp og flata ut i våre nyinnkjøpte gamle lenestolar. Med dette ynskjer vi alle god fredag, med eller utan malande lussekattar, glans og glitter. 


Rita

fredag 6. desember 2019

Mest som Rui-jentene som møtte kongen

Vi hadde jo som vanleg høge ambisjonar då vi etter fleire år med planlegging endeleg fekk krafsa til oss nok pengar til at vi kunne køyre i gang klassikarprosjektet vårt. Etter ein litt sped start, balla det snart på seg med heile 64 andre bibliotek av ymse storleik over heile landet som kasta seg med på festen. Vi har gjennom året fått snapar, bilete og helsingar frå kjenningar som har vore ute og reist og møtt dei same klassikarane utstilt rundt omkring som på det vesle biblioteket heime i Lom. Med overraskande god oppslutning blant lånarane også her heime, vart difor heile prosjektet ein einaste gild fest. Sist tysdag kom kvelden då det heile skulle feirast og avsluttast med storfint besøk av ein av dei mest folkekjære forteljarane vi har for tida, Edvard Hoem.

Hoem får fjelldikt og bibliotekboksar med på turen vidare som takk frå Lom (foto: Eldri Bjørnstad Kolden)

BrimiBue stilte velviljug opp med husrom, og med 85 utselde billettar i god tid før kvelden, var vi rimeleg trygge på at dette ville bli ein bra kveld. Då det etter kvart kom sigande fleire som ikkje hadde sikra seg billett på førehand, fekk vi brått eit luksusproblem! Men ein imøtekomande forfattar og eit serviceinnstilt vertspar rydda rom til alle, og rundt 100 personar fekk ein minnerik kveld i godt selskap. Hoem vart nyleg tildelt Brages hederspris, nøyaktig 50 år etter at han debuterte som forfattar. Eit kjapt søk i utlånet vårt, viste at dei fem siste bøkene hans har hatt rekordmange utlån, og vore rundt i ymse heimar til saman rundt 400 gonger dei siste åra! For eit lite bibliotek med få eksemplar av bøkene er dette heilt spesielt, og det er liten tvil om at Hoem har rørt ved sjølve folkesjela med skrivekunsten sin.

Vertskapet på BrimiBue etter ein lang dag med fullt hus
Etter at folket hadde rusla heim, fekk Direktøren og eg den store gleda av å eta eit flott måltid med Hoem, servert av eit vertskap forfattaren ikkje fekk fullrost. Nok ein gong i livet kjende vi to oss litt som Rui-jentene som møtte kongen... Duftene, smakane, praten og låtten den kvelden er minne vi deler berre med forfattaren, men underteikna kan avsløre at hovudretten denne kvelden er ein av dei gildaste gastronomiske opplevingane ho har hatt. For eit flott Bokår, for ei avslutning på tidenes kanskje største prosjekt for vår del!

Mest som Rui-jentene som møtte kongen.

To personar hadde lese alle dei 25 bøkene på lista, og den eine heldige av dei vann det flotte måltidet Skråpå-tå for to personar på Brimi sæter. Vår mest trufaste bibliotekgjest vart i tillegg uttrekt som den heldige vinnaren av eit signert eksemplar av "Jordmor på jorda", overrekt av forfattaren sjølv. Takk til all positivet frå dykk alle gjennom prosjektet! Her kan de høyre Direktøren bli intervjua om klassikarprosjektet i Gudbrandsdalsradioen.

Bloggar: Merete



fredag 29. november 2019

Adventspent

Det stundar no til juletid. Vi har allereie vore gjennom julegateopning der bestemorbibliotekaren, som seg hør og bør, las juleforteljing for ungane. Vi har ete dei fyrste peparkakene og årets fyrste julekonsert har fylt oss med raud glede.

På biblioteka har vi svinsa rundt, donta til, bretta juletre, hengt opp stjerner og sopt i krik og krok. Og attpå alt har vi hatt besøk av den mest kjende dølen denne veka. Ingar Sletten Kolloen gjesta oss med den nye boka om andre verdskrig tysdag, og dei frammøtte fekk ein lærerik og interessant historietime med den kolossale forteljaren.

Advent tyder "herrens komme", og for vår del betyr det i år at sjølvaste Edvard Hoem kjem til bygda. Tysdag kveld kjem han med slåttekaren sin til BrimiBue. Billettane er utselde, og vi gler oss stort til ein kveld med Hoem. Vi kunne ikkje fått ei likare avslutning på klassikar-prosjektet vårt! 

Men aller fyrst brakar det laus med advent fyrstkomande sundag. Bibliotekarane i Lom og Skjåk har funne fram nisselua og er godt i gang med førebuingane. Følg med!

Rita

fredag 22. november 2019

"Småe phappe mæ stor H"

Den komande adventstida fekk brått eit litt utvida innhald då sjølvaste Arnfinn Kolerud kom stigande inn frå sjogkaoset her måndag. Vi hadde hyra han inn til årets siste forfattarbesøk, denne gongen til fjerde klasse. Han laut, som alle andre andre visitterande, supe i seg ein kaffiskvett og tyggje sund ei nøtt attmed kjøleskåpet vårt før han skulle møte elevane. No har ikkje konversasjonen lett for å setje seg fast på bakrommet hos oss, og under småpratinga kunne forfattaren sjølv avsløre at han no  endeleg er i gang med tredje bok i serien frå Vassbygda/Vassbygdi. Dermed er den 7 år lange ventetida for alle Vassbygdfans snart over! Hurra! Underteikna vart så glad for dette at ho bortimot kraup opp i stolen til vestlendingen, som skunda seg å kaste eine foten over hin i håp om å unngå ei smitin bestemor i fanget...

Smitin bestemor på tur opp i forfattarfanget

I fjerdeklasse fekk Kolerud assistanse av ein elev då han skulle lese frå ein dialog i suksessboka Snillionen, og medelevane humra godt under seansen, der eleven las replikkane til den strenge mora med stor innleving.  Borna var elles storleg imponerte over at forfattaren hadde med boka si i utgåver på språk han sjølv ikkje kunne lese! Så fint det er når borna får oppleve slike møte!

Ludvig og Arnfinn i godt driv

På returen måtte Kolerud bli med innom biblioteket ein gong til, då bibliotekaren hadde gløymt att den råfine takkegåva til forfattaren før klassebesøket. Der fekk han saman med gåva eit lynkurs i dialektbruken til norddølane, og fekk då for fysste gong høyre om "småe phappe mæ stor H som må hesjast uhpp onde skjhurthun". Takk for besøket, og hjarteleg velkomen tilbake når Vassbygdingane har fått historia si utvida!

P.S.: Dersom einkvan kjenner trong til å utdjupe bruken luftige H-ar i lomsdialekten, er det berre å stikke innom.

Bloggar som held på dialekten: Merete


fredag 15. november 2019

Ny kolleksjon med nedisa reklamestunt

Ny kolleksjon på plass! Biblioteboksaren vi lanserte i samband med markeringa av Årets bibliotek 2012 er for lengst utselt, men fortvil ikkje: Vi har vidareutvikla produktet, og fekk for stutt tid sidan inn den nye kolleksjonen av det vi reknar som verdas einaste bibliotekboksar. Det unike plagget er no i sal både over skranken og i nettbutikken vår for den nette sum av kr. 140,- (porto i tillegg i nettbutikken), og er eit eineståande julegåvetips! Vi har nyleg fått tilsendt bilete av særs velbrukte boksarar frå den førre kolleksjonen, fotografi som talar for ei oppgradering og utskifting av dei tenlege underbuksene i fleire garderober rundt omkring i landet.

Velbrukt eksemplar av den tidlegare kolleksjonen, biletet tilsendt av lånar

Einskilde av oss i kollegiet har lenge hatt ein blaut draum om å lansere den nye kolleksjonen ved eit stunt der dei tre vise kastar seg i stram line over Prestfossen oppdressa i (nesten) kun dei nye boksarane. Men i desse frosne novemberdagane hjelper det lite om ein har spara både leggbust og andre duskar i vekesvis: Årstida for lanseringa spelar rett og slett ikkje på lag med draumen om eit slik sprell. Difor gjekk vi i dag runden rundt kaffikoppen om kven av oss som ville stille som modell på reklamen. Direktøren gjekk som vanleg av med sigeren, men etter fotoseansen, der underteikna låg på kne inne på kontoret og fotograferte ein sjef med broka på hælane, såg vi at reklamen kanskje ikkje heilt heldt mål... Med andre ord: De må ta turen innom oss for å sjå på og "tumme ti" den innbydande kreasjonen! Plagget finst for båe kjønn i storleikar frå S - XL.

Ny kolleksjon, for kar og kvinnfolk i ymse storleikar


Den hendige boka "Til fjells" er eit anna suverent julegåvetips frå oss denne vinteren. Her finn du dikt samla i historisk rekkjefølgje av ymse poetar frå Edvard Storm til Anna Kleiva, ei bok som har sprunge ut frå bloggen Ord om fjell, der Norddalsbiblioteka har samla og publisert fjelldikt sidan 2010. Boka kostar kr. 195,- (pluss porto i nettbutikken).


Gjer julegåvehandelen lettvint unna på biblioteket, og bruk heller tida på dei du har rundt deg. Kanskje får vi arrangert eit felles bibliotekboksarstunt til sommaren? Eit blandakor i den nye kolleksjonen i fritt svev over Prestfossen hadde vore flott!

Bloggar med våt draum: Merete